Landevegstrening for junior/senior/veteran

Treninga for ålmenta startar måndag 11. april.

Det vert faste treningar måndag og torsdag, avreise frå Essoen Norheimsund kl 19:15, utover mot Innstranda.

Det vert og ein fast langtur Sundagar, avreise Essoen NHS kl 08:30. Fyrste sundagsturen vert den klassiske neglabitaren til Ålvik 3. april.

Etter kvart vil me og ha ei fast intervalltrening i veka.

Og som i fjor oppmodar me alle til å informere til post@hardangersykkelklubb.no om de tar ein treningstur utenom dei faste treningstidene.

Dei fyrste to vekene vert fellesturane måndag og torsdag lagt opp slik at alle syklar i lag heile tida. Seinare kan det være at me på heimturen deler opp gruppa med to felt med ulikt tempo.

Anbefaler alle til å være med frå starten av! Erfaringa viser at det er tyngre å matche feltet om ein hiv seg på etter ein mnd.

Sundagsturen vert lagt opp slik at alle skal få være med heile veien, belastninga til ryttarane vert fordelt etter ferdighet og kondis;-)

Detaljert program med påsketurar og enkelte laurdagsturar kjem snart.

Ynskjer alle ein strålande sesong!