Oppstart trialtreningar

Trialtreningane på KBT Trialarena har starta opp. Fast tidspunkt er onsdagar kl. 17:00. Alle nye og gamle medlemmer er velkomne!

Me har tre utlånssyklar for dei som vil prøve biketrial. Gje beskjed til Knut Fosse på ein sms før trening om du vil prøva (tlf: 95467690).

Sjå elles Facebooksidene til trialgruppa for oppdateringar om treningar og liknande: facebook.com/kvambiketrial/

NM Trial 2017

NM Trial vert for fjerde gong arrangert av Hardanger SK i 2017. Datoen for arrangementet er 24. juni, og vil vera på KBT Trialarena i Norheimsund, ved grusbanen til NFK. NM vil samstundes ha status som NC-ritt, og me forventar at deltakarar frå heile landet kjem.

Invitasjon og meir informasjon kjem seinare.

I tillegg til NM, vil det verta arrangert ein sommarleir for trialsyklistar, kalla Fjordtrial, i Norheimsund frå 10.-13. august. Her kan alle som er interessert i trialsykling, uansett alder, ambisjonar, nivå eller erfaring delta. Sjå meir på fjordtrial.no.

NM Trial tildelt Hardanger SK

Eirik Ulltang
Forbundsstyret har tildelt NM Trial 2014 til Hardanger Sykkelklubb.

På sykkeltinget i februar vart det vedtatt at Trial får offisielt Noregsmeisterskap. Hardanger Sykkelklubb vil derfor arrangere det første NM i Trial i historia. Meisterskapet vert arrangert 25. mai i Øystese, ved Kvam Ungdomsskule. 24. mai vil det i tillegg verta arrangert Noregscup.

Kontaktperson for ritta er Eirik Ulltang.

Offisiell artikkel på sykling.no.

Historisk biketrialtevling

Torsdag 30.06.2011 vil stå som ein historisk dag i norsk biketrialhistorie. Det er nemleg første offisielle tevling i biketrial i Noreg nokon sinne. Hardanger SK står som rittarrangør, og er med på dette spennande kapittelet i norsk sykkelhistorie.

Tevlinga vil finne stad i steintaket Bjørko på Voss, og konkurransen startar omlag 12:00 (registrering frå 10:00). Det er ei tevling under Ekstremsportveko, der biketrial er ei eiga grein i år. Alle dei beste norske syklistane vil delta, i tillegg til at det vert fleire andre klassar med både nybegynnarar, vidarekomne og ekspertar.

Rabattavtalar hjå Mo Sport

Kjære medlemmer i Hardanger Sykkelklubb!

Me kan tilby klubbprisar på fylgjande lagerførte racermodellar;
Merida Road Ride 88 kr. 4999,- (str. XS og S)
Merida Road Ride 88 kr. 5499,- (alle str)
Scott S30 kr. 8299,- (alle str)
Jamis Ventura Race kr. 9500,- (alle str)
Scott CR1 Team kr. 17499,- (alle str)

Tilbodet på syklar gjeld t.o.m 14. mai.

Vidare ynskjer me å tilby medlemane i HS fylgjande for sesongen 2011:
· Sykkelrekvisita – 15 %

Me ser fram til eit positivt og hyggjeleg samarbeid!

Mvh
Mo Sport AS
56 55 15 80

Landevegstrening for junior/senior/veteran

Treninga for ålmenta startar måndag 11. april.

Det vert faste treningar måndag og torsdag, avreise frå Essoen Norheimsund kl 19:15, utover mot Innstranda.

Det vert og ein fast langtur Sundagar, avreise Essoen NHS kl 08:30. Fyrste sundagsturen vert den klassiske neglabitaren til Ålvik 3. april.

Etter kvart vil me og ha ei fast intervalltrening i veka.

Og som i fjor oppmodar me alle til å informere til post@hardangersykkelklubb.no om de tar ein treningstur utenom dei faste treningstidene.

Dei fyrste to vekene vert fellesturane måndag og torsdag lagt opp slik at alle syklar i lag heile tida. Seinare kan det være at me på heimturen deler opp gruppa med to felt med ulikt tempo.

Anbefaler alle til å være med frå starten av! Erfaringa viser at det er tyngre å matche feltet om ein hiv seg på etter ein mnd.

Sundagsturen vert lagt opp slik at alle skal få være med heile veien, belastninga til ryttarane vert fordelt etter ferdighet og kondis;-)

Detaljert program med påsketurar og enkelte laurdagsturar kjem snart.

Ynskjer alle ein strålande sesong!

Sesongstart for biketrialtreningar

Onsdag 20. april kl. 15:00 startar det med treningar for biketrial i Hardanger Sykkelklubb. Dette er midt i påskeferien, og me håpar at noverande og framtidige syklistar møter opp.

Har du ikkje sykkel tilpassa biketrial, oppfordrar me til å ta med ein vanleg terrengsykkel. Det vert i tillegg høve til å prøve ekte trialsyklar av andre medlemmer.

Det vert instruksjon til alle nivå av rutinerte utøvarar, bl.a. Knut Fosse og Eirik Ulltang.

Praktisk info:
Trialområdet til Hardanger Sykkelklubb ligg i nordenden av handballbanen ved Kvam Ungdomsskule. Me tar forbehold om for mykje snø i området, det vil då kome eit alternativ.

Har du spørsmål, ta kontakt. Vil du vite meir om biketrial, sjå biketrial.no.

Facebook Event

Velkomen til nye nettsider

Målet med desse nettsidene er å gje nyttig informasjon til nye og eksisterande medlemmer, samt andre som finner dette interessant. Følg med her på framsida for siste nytt i klubben.