Hardanger SK med siger i NM TRIAL 2018

Det var NM TRIAL 2018 i Tomter i Østfold i helga. Dette er første gong at NM ikkje har vore arrangert av Hardanger Sykkelklubb, men likevel gjorde HSK nærmast reint bort. Eirik Ulltang vann NC 1 på laurdagen, og gjorde det same på sundagen, då det vart arrangert NM (og NC 2). Dette er Ulltang sin femte strake NM-tittel (det har kun vore fem NM i trial). Knut Fosse fekk ein litt trå start med fjerdeplass på NC 1, men kom sterkt tilbake på sundagen, og tok tredjeplassen i eliteklassen i NM.  Det deltok ingen andre utøvarar frå HSK i meisterskapen.

Ulltang leiar dermed noregscupen samanlagt, og truleg vinn han denne i år òg, fordi det ikkje vil verta arrangert fleire ritt i 2018. Hardanger SK og KBT kjem truleg tilbake på arrangørsida i 2019.

PS: Hugs det er faste treningar på grusbanen i Norheimsund kvar torsdag kl. 17. Nye utlånssyklar er i posten, og kjem i bruk seinast 6. september.

Oppstart av trialtreningar

Faste treningar startar opp i veke 33, med oppmøte kl. 17:00 kvar torsdag. Håpar flest mogleg gamle og nye trialsyklistar møter opp.

Trenarar vil vera Knut Fosse og Bernt Kristiansen. Ellers er det lurt å følgje med på trialgruppa sine Facebooksider for meir info: facebook.com/kvambiketrial

Oppstart trialtreningar

Trialtreningane på KBT Trialarena har starta opp. Fast tidspunkt er onsdagar kl. 17:00. Alle nye og gamle medlemmer er velkomne!

Me har tre utlånssyklar for dei som vil prøve biketrial. Gje beskjed til Knut Fosse på ein sms før trening om du vil prøva (tlf: 95467690).

Sjå elles Facebooksidene til trialgruppa for oppdateringar om treningar og liknande: facebook.com/kvambiketrial/

NM Trial 2017

NM Trial vert for fjerde gong arrangert av Hardanger SK i 2017. Datoen for arrangementet er 24. juni, og vil vera på KBT Trialarena i Norheimsund, ved grusbanen til NFK. NM vil samstundes ha status som NC-ritt, og me forventar at deltakarar frå heile landet kjem.

Invitasjon og meir informasjon kjem seinare.

I tillegg til NM, vil det verta arrangert ein sommarleir for trialsyklistar, kalla Fjordtrial, i Norheimsund frå 10.-13. august. Her kan alle som er interessert i trialsykling, uansett alder, ambisjonar, nivå eller erfaring delta. Sjå meir på fjordtrial.no.

Oppstart trening landevei 2016

Gode sykkelvenner,

 

Påsken nærmar seg, og veiene er allereie fine å sykle på (bortsett frå vegarbeida som griser til sykkelen).
Fellestreningane blir i år som i fjor på tysdagar kl 18:30 og torsdagar kl 19:15 frå essoen i Norheimsund. Første gang tysdag 5.april.

Me venter ei ekstra uke etter påske sidan det sikkert er en del som er råka av at skolane har «vinterferie».

Langturane starter opp palmesøndag med Neglebitaren til Ålvik (sjå heimesida eller FB for program), alle turane starter kl 9:00 frå essoen i Norheimsund. Merk at me starter ein halvtime seinare enn tidlegare år.

 

Håper at været er med oss i år, og bra frammøte framover.

 

Minner elles om at det er oppretta ei gruppe på FB for aktive medlemmer som kan gi beskjed om turar etc

https://www.facebook.com/groups/969892866391350/

Johan L. Aksnes 
Veterankontakt

 

Langturer 2016

Dette er langturprogrammet i vår. Begynner med litt kortere turer i starten av sesongen enn tidligere.

Søndag 20/3 (palmesøndag): NHS-Ålvik-NHS (ca 5,5 mil) Netlebitaren
Fredag 25/3 (langfredag): NHS-Tangerås (ca 6 mil)

Søndag 27/3 (påskedag): NHS-Mundheim-NHS (ca 8,5 mil)

Søndag 3/4: NHS-Kvanndal-NHS (ca 8 mil)
Søndag 10/4: NHS- Gjermundshavn -NHS (ca 11 mil)
Søndag 17/4: NHS-Mundheim-Eikelandsosen-Tysse- Kvamskogen-NHS (ca 12 mil)
Søndag 24/4: NHS-Ølve-Sævareid-Mundheim-NHS (ca 15 mil)
Søndag 1. mai: NHS – Voss – NHS (ca 15 mil)

Torsdag 5.mai (kr.himmelfartsdag): NHS- Gjermundshavn -NHS (ca 11 mil)
Søndag 8. mai: NHS-Granvin-Ulvikfjellet-Ulvik-Osa-Retur (ca 16,5 mil)
Søndag 15 mai (pinsedag): NHS-Mundheim-Eikelandsosen-Tysse- Kvamskogen-NHS (ca 12 mil)
Anbefalt oppkjøringsritt: Skjærgårdsrittet måndag 16.mai (2. pinsedag)

Søndag 22. mai: NHS – Voss – NHS (ca 15 mil)

Anbefalt oppkjøringsritt: 6-vatnsrunden elller Nordhordland rundt
Søndag 29 mai: NHS- Gjermundshavn -NHS (ca 11 mil)
Alternativt oppkjøringsritt: Colorline Setesdal Tour (Kristiansand-Hovden) (laurdag 28.mai)

Medlemskontigent

Det er på tide å betale medlemskontigent igjen. Gjør det nå, mens du husker det.

Prisar 2016:
– Under 16 år: 150,-
– Over 16 år (=det året du fyller 16): 300,-
– Familiemedlemskap: 500,- (gjelder 2/1 voksne og 1/2 barn inntil 18 år, tilsammen 3 stk.)

Dei som vil ha lisens må i tillegg skrive inn personnummer (11 siffer) og type lisens.
Du finn meir informasjon om lisensar på NCF sin nettstad.

Ver venleg å betale inn medlemskontigent til følgjande konto: 3530.25.19178
Hugs å merke betalinga med namn på alle ein betaler for.

Alle opplysningar vert behandla fortruleg.