Dekk og slanger til Bergen Voss?

Mo Sport har gleda av å tilby fylgjande kampanjeprisar;

Dekk, Continental Grand Prix 4000s       kr. 399,- pr. stk (veil. pris kr. 549,-)
Slange, Continental                                       kr.   69,- pr. stk (veil. pris kr.    99,-)

Tilbodet gjeld ut mai månad.

Velkommen innom J

Mvh
Mo Sport AS
56 55 15 80

Ny tur til Gjermundshamn

Søndag 28. april sykla me til Gjermundshamn…, igjen 🙂
Start frå Esso i Nhsund kl 0830 – presis!
Kle deg godt – om det vert for kaldt, snur me tidlegare… 🙂

Klubbkveld & årsmøte

Klubbkveld med presentasjon og bestilling av nye drakter.

På Mo sport 4. april kl. 1700-1900.
Frist for bestilling i fyrste runde vert 8. april.
Obs. Dette er heilt nye drakter. Nye fargar og design.
Det vert og tilbud på sykkelsko, hjelmar mm.

 

                 Årsmøte

            Hardanger sykkelklubb

5. april kl. 1930 på Norheimsund yrkeskule.

           Vanlege årsmøtesaker.

Årsmelding vert lagt ut på nettsidene før møtet.

Ekstremsportveko 2012: Vi arrangerer norgescup i trail!

Dei to første NorgesCupane i biketrial nærmar seg. 28. og 29. juni vert det konkurransar med historisk sus over seg på Ekstremsportveko på Voss.

Her kjem felles invitasjon for begge konkurransar. Les godt gjennom, og meld deg på. Det er kjekt om flest mogleg deltar, slik at me får vist biketrial frå si beste side.

Me håper flest mogleg tar turen til Ekstremsportveko, og at alle over 18 år velger å vere der heile veka. Underteikna kan skrive under på at dette er eit av høgdepunkta i året, med god stemning og flotte opplevingar. Melder du deg på biketrial på Ekstremsportveko vert det i tillegg til to konkurransar, speedtrials, streetrides og sosiale aktivitetar gjennom veka.

Les mer her.

Hardingrittet

Laurdag 28.juli 2012 med start kl 13:00
Skipa til for 7.gong.

Turritt frå Utne ferjekai via Odda, med målgang på Lofthus under Morellefestivalen. Målgangen vert no på Hordatun, ved det nye klubbhuset, nokre hundre meter med stigning etter den “gamle” målpasseringa!!

Løypa er 77 km ,relativt flat med mange tunnelar.
Det er påbode med ljos på sykkelen både framme og bak!

Påmeldingsavgift er kr 250.
Du må visa heilårslisens ved start, eller kjøpa eingongslisens til kr 150.

Hardangersykkelklubb bør stille med flest mulig folk. Påmelding: http://www.quick.no/Quick-Timing

Se mer eventuelt www.ilharding.no