UTETRENINGAR SOMMAR/HAUST 2026:
Torsdag 18:00-19:00
Stad: KBT Trialarena, Haugamyrvegen, 5600 Norheimsund
All organisert trening følgjer skuleruta, ingen organisert trening i feriar/raude dagar. Me syklar ute fram til haustferien.
Ansvarleg trenar er Eirik Ulltang.
Me har utlånssyklar for dei som vil prøva biketrial (ta med eigen hjelm). Ein kan låna sykkel gratis to gongar.
Du kan delta på treningane utan klubbmedlemskap to gongar, deretter må alle som deltek vera medlem i klubben, og ha gyldig lisens. Meld deg inn her. Og om du deltar på tre treningar eller meir, blir du fakturert treningsavgift.
All kommunikasjon går via Spond. Meir informasjon om dette får du ved oppmøte.
Prisar:
- Treningsavgift (pr. sesong): kr. 900
- Trening i hall utanom organisert trening (etter avtale): kr. 50/kr. 100 (medlem/ikkje medlem). Gratis for dei som har betalt treningsavgift.
- Leige sykkel: kr. 50 per gong.
- Klubbmedlemskap: kr. 150 per år.
VIPPS #622601 (Ritt og trening)

Kjøp lisens her (ekstern lenkje). Lisens er kun naudsynt for dei som er 13 år eller eldre. Alder reknast utifrå fødselsår, og tek ikkje omnsyn til når på året du er født.
KBT Trialarena ligg på grusbanen i Norheimsund, rett over vegen frå barnehagen. Ein kan trena her når som helst utanfor oppsatte treningstider.
Kontaktperson: Eirik Ulltang (tlf: 970 22 728)



