Treningane på KBT Trialarena har starta opp att etter sommarferien.
Treningstidene er kvar tysdag og torsdag kl. 18:00 til 19:00. Me følgjer skuleruta.
Meir informasjon på Trialsidene våre.

Saman er me gode!
Treningane på KBT Trialarena har starta opp att etter sommarferien.
Treningstidene er kvar tysdag og torsdag kl. 18:00 til 19:00. Me følgjer skuleruta.
Meir informasjon på Trialsidene våre.
Me startar opp att med trialsykling etter sommarferien. Første trening vert tysdag 24. august kl. 17:30-18:30. Deretter blir det trening kvar tysdag og torsdag til samme tid.
Meir informasjon finn du inne på trialsidene.
Me har starta opp at innetreningane for trial igjen.
De finn informasjon om treningstider på Trial-sida i menyen.
Trialtreningane er i gang etter sommarferien, og det blir oppmøte kvar torsdag kl. 17:00 på KBT Trialarena.
Du finn meir informasjon i menyen under Trening > Biketrial.
Tid: Tirsdag 29.10.19
Kl. 20:00
På Framnes kristne videregåande skule. (personalstova).
Vanlege årsmøtesaker.
Vel møtt.
Fellestreningane landevei har starta opp att.
Tysdag kl 18:30 og torsdag kl 19:15 fra Essoen i Norheimsund.
Langturar på søndagar (og andre raude dager) kl 09:00 fra Essoen.
For komplett program og evt endringar sjå Facebooksidane eller gruppa «aktive medlemmer»
Det var NM TRIAL 2018 i Tomter i Østfold i helga. Dette er første gong at NM ikkje har vore arrangert av Hardanger Sykkelklubb, men likevel gjorde HSK nærmast reint bort. Eirik Ulltang vann NC 1 på laurdagen, og gjorde det same på sundagen, då det vart arrangert NM (og NC 2). Dette er Ulltang sin femte strake NM-tittel (det har kun vore fem NM i trial). Knut Fosse fekk ein litt trå start med fjerdeplass på NC 1, men kom sterkt tilbake på sundagen, og tok tredjeplassen i eliteklassen i NM. Det deltok ingen andre utøvarar frå HSK i meisterskapen.
Ulltang leiar dermed noregscupen samanlagt, og truleg vinn han denne i år òg, fordi det ikkje vil verta arrangert fleire ritt i 2018. Hardanger SK og KBT kjem truleg tilbake på arrangørsida i 2019.
PS: Hugs det er faste treningar på grusbanen i Norheimsund kvar torsdag kl. 17. Nye utlånssyklar er i posten, og kjem i bruk seinast 6. september.
Faste treningar startar opp i veke 33, med oppmøte kl. 17:00 kvar torsdag. Håpar flest mogleg gamle og nye trialsyklistar møter opp.
Trenarar vil vera Knut Fosse og Bernt Kristiansen. Ellers er det lurt å følgje med på trialgruppa sine Facebooksider for meir info: facebook.com/kvambiketrial
NM Trial 2017 og NC 3 nærmar seg. Her kjem viktig info.
Invitasjonen til NM Trial og NC 3: Invitasjon-NM-2017
Påmelding skjer elektronisk via nm.biketrial.no.
Siste nytt: Sparebanken Vest satsar på Vestlandet, og dei beviser dette med at dei går inn som hovudsponsor av arrangementet.
Trialtreningane på KBT Trialarena har starta opp. Fast tidspunkt er onsdagar kl. 17:00. Alle nye og gamle medlemmer er velkomne!
Me har tre utlånssyklar for dei som vil prøve biketrial. Gje beskjed til Knut Fosse på ein sms før trening om du vil prøva (tlf: 95467690).
Sjå elles Facebooksidene til trialgruppa for oppdateringar om treningar og liknande: facebook.com/kvambiketrial/