Om klubben

Informasjon
Stifta: 08.12.2010.
Medlemmer: 69 stk. per 08.08.2018
Leiar: Jan Roy Eide
Nestleiar: Terje Ljones
Skrivar: Arve Jordalen
Kasserar: Johan L. Aksnes
Styremedlem: Stig Byrkjeland

Vara: Elisabeth Fosse

Revisor: Per Øyvind Tveiten

Valnemd:
Elisabeth Fosse
Eirik Ulltang
Arve Øyri

Kontaktpersonar:
Veteran (landevei): Johan L. Aksnes
Terreng: Amund Leiren
Trial: Eirik Ulltang

Motto
“Saman er me gode”.

I dette legg me fokus på at sykkel er ein lagidrett, som krev samhald og samspel. Dette gjeld spesielt for landeveg, men er vikitg i alle greiner innanfor sporten. Me trur at eit godt kosthald fører til riktig ernæring, og dette heng tett saman med gode prestasjonar på sykkelen. Me vil vidare ha fokus på god trafikkultur, og dermed kunne trene trygt og synleg på vegane. Me vil utvikle sportslege dugleikar og dyrke ein rein idrett, som bygger på ærlegdom og rettferd.

Målsettingar
Her er eit utval av klubben sine målsettingar:
– Tilby treningar for utøvarar på alle nivå.
– Tilretteleggja for utøvarar som vil delta i konkurransar
– Utdanne leiarar og trenarar for ulike nivå.
– Vera eit samlande lag for heile Hardanger-regionen.

Fagleg
Klubben vil kunne:
– rettleia fagleg i treningssamanheng.
– tilby service-/mek.kurs på sykkel.
–  rettleia utøvarar i sykkelteknikk og -taktikk.
– gje rettleiing i forhold til valg av sykkelutstyr.