Ekstremsportveko 2012: Vi arrangerer norgescup i trail!

Dei to første NorgesCupane i biketrial nærmar seg. 28. og 29. juni vert det konkurransar med historisk sus over seg på Ekstremsportveko på Voss.

Her kjem felles invitasjon for begge konkurransar. Les godt gjennom, og meld deg på. Det er kjekt om flest mogleg deltar, slik at me får vist biketrial frå si beste side.

Me håper flest mogleg tar turen til Ekstremsportveko, og at alle over 18 år velger å vere der heile veka. Underteikna kan skrive under på at dette er eit av høgdepunkta i året, med god stemning og flotte opplevingar. Melder du deg på biketrial på Ekstremsportveko vert det i tillegg til to konkurransar, speedtrials, streetrides og sosiale aktivitetar gjennom veka.

Les mer her.

Hardingrittet

Laurdag 28.juli 2012 med start kl 13:00
Skipa til for 7.gong.

Turritt frå Utne ferjekai via Odda, med målgang på Lofthus under Morellefestivalen. Målgangen vert no på Hordatun, ved det nye klubbhuset, nokre hundre meter med stigning etter den “gamle” målpasseringa!!

Løypa er 77 km ,relativt flat med mange tunnelar.
Det er påbode med ljos på sykkelen både framme og bak!

Påmeldingsavgift er kr 250.
Du må visa heilårslisens ved start, eller kjøpa eingongslisens til kr 150.

Hardangersykkelklubb bør stille med flest mulig folk. Påmelding: http://www.quick.no/Quick-Timing

Se mer eventuelt www.ilharding.no

Bergen Voss 2012

Mange personlege rekordar vart sette av dei 55 syklistane frå Hardanger Sykkelklubb som fullførte Bergen Voss på Laurdag.

Raskast av Hardangersyklistane var Thomas Solheim
Rett før Kvamskogen gjekk Thomas Solheim og Yngve Kiserud frå Hardanger i brudd saman med Mikael Johannesen frå Førde, og kontinental lagsryttarane Fillip Eidsheim Frå Bck/ Team Østerhus Ridley og Stian Remme Bck/ Team Joker Merida. Desse helt følgje inn til Skjervet, der proffane støta og våre vart sittande aleine. Thomas heldt unna for forfølgargruppa bak og kom inn til 4 plass. Yngve vart innkjørt rett før mål og trilla inn til 7. plass. Ellers hadde Hardanger sykkelklubb 5 mann inne blant dei 30 beste.

Av damene var det Frid Fosso som var raskast av Hardangersyklistane ho kom inn som nr.18 av alle, noko som heldt til 9. plass i klasse 40-49 år.

Skjærgårdsrittet

Idag 20. mai ble Skjærgårdsrittet arrangert med en ny og forlenget løype.
Turklasse (med tidtaking) 85 km – Start: Sartor Senter på Sotra, Fjell, Steinsland, Klokkarvik, Skogsvåg, Ågotnes, Mål: Sture i Øygarden
Hardanger Sykkelklubb stilte med 11 personer. Svært godt jobbet med 4 menn på topp 104.

705 mennesker fullførte i turklassen. Her er våre resultater:

Plassering Navn Klasse Pulje Tid
9 Yngve Kiserud M30-39 Seedet pulje 1 02:03:40
59 Gøran Tveit M40-44 Pulje 3 02:09:41
82 Lars Petter Larsen M30-39 Seedet Pulje 2 02:11:43
104 Arve Øyri M40-44 Seedet pulje 1 02:13:48
321 Håkon Bjelland Stuvik M30-39 Pulje 5 02:35:12
385 Johannes Råen M45-49 Bergen CK lag 1 02:43:45
439 Øystein Fykse M30-39 Pulje 6 02:47:16
475 Karin Vik K45-49 Pulje 7 02:49:09
477 John Ulvenes M25-29 Pulje 7 02:49:20
482 Stefan Øvre Jensen M25-29 Pulje 7 02:49:25
551 Finn-ole Haugland M60-64 Pulje 7 02:58:26

Her er langturprogrammet i mai

 

Sundag 6. mai: Norheimsund-Granvin-Ulvikfjellet-Ulvik-Osa-Retur ca 16,5 mil
Sundag 13 mai: Norheimsund-Tørvikbygd-Norheimsund-Dalatunvegen-Norheimsund-Skålheim-Øystese-Høgabekkjen-Porsmyr-Soldal-Øystese-Norheimsund ….og ein runde til;-) – ca 13 mil
Sundag 20 mai: Norheimsund – Mundheim – Eikelandsosen – Tysse – Kvamskogen – Norheimsund ca 12 mil
Sundag 27 mai: Norheimsund – Voss – Norheimsund ca 15 mil

Erfaringa frå dei siste langturane med store grupper viser at det er litt for stor forskjell individuelt til at alle får optimalt utbytte av treningane, og me vil frå sundag dela i to ved avgang frå Norheimsund. Ei gruppe med ca 30 km/t i snitt og ei gruppe med ca 25 km/t i i snitt.

Alle turar kl 08:30 frå Essoen NHS.

Vel møtt på trening !

Mvh Terje

Treningstider frå 26.03. 2012

Aldersbestemte klassar og Junior.

Mandag utenom skuleferiar kl. 1200 2,5 timars tur frå Framnes. Senior/veteran kan henga seg på.

Mandag kl 1915 Oppmøte ved Essoen i Nhs. i lag med senior/veteran.
Tysdag kl. 1700 Oppmøte ved Essoen i Nhs. Senior/veteran kan henga seg på.
Torsdag kl. 1800 Oppmøte ved Essoen i Nhs. Syklar i lag med senior/veteran frå kl. 1915.

Mvh. Jan Roy Eide

Trening Senior

Turprogram for sundagar og påskehelga vert som fylgjer, sett litt på opplegget frå i fjor :

Sundag 25/3: NHS-Ålvik-NHS (ca 5,5 mil) Kanskje me får neglebitaren i go´vær i år;-)
Sundag 1/4 (palmesundag): NHS-Oma-NHS (ca 7 mil)
Fredag 6/4 (langfredag): NHS-Kvanndal-NHS (ca 8 mil)
Sundag 8/4 (påskedag): NHS-Mundheim-NHS (ca 8,5 mil)
Sundag 15/4: NHS-Mundheim-Tysse-NHS (ca 11 mil) Klassikar i godt vær!
Sundag 22/4 NHS-Voss-NHS (ca 15 mil) kjenna litt på skjervet
Sundag 29/4: NHS-Ølve-Sævareid-Mundheim-NHS (ca 15 mil)

Vil komma attende med mai-programmet.

Alle langturar startar 08:30 frå Essoen i Norheimsund.

Måndags- og torsdagstreningane går som normalt i påsken, men det er lov å invitere til langturar f.eks. skjærtorsdag, 2. påskedag og alle laurdagane framover!

Vel møtt!