INNETRENINGAR HAUST/VINTER 2024/2025
Mandag kl. 18:00-19:00 og 19:00-20:00, torsdag 18:00-19:00
Stad: Belsen, Norheimsund.
NB: Ingen oppmøte utan avtale på førehand. Det er i utgangspunktet fullt denne vinteren.
All organisert trening følgjer skuleruta, ingen organisert trening i feriar. Innesesongen startar første veka etter haustferien, og held fram til me stiller klokka attande til sommartid.
Ansvarleg trenar er Eirik Ulltang.
Me har utlånssyklar for dei som vil prøva biketrial (ta med eigen hjelm). Ein kan låna sykkel gratis to gongar, deretter kr. 50 per gong (betalt med Vipps).
Du kan delta på treningane utan klubbmedlemskap to gongar, deretter må alle som deltek vera medlem i klubben, og ha gyldig lisens. Meld deg inn her.
All kommunikasjon går via Spond. Meir informasjon om dette får du ved oppmøte.
Prisar:
- Treningsavgift (pr. sesong): kr. 900
- Trening i hall utanom organisert trening (etter avtale): kr. 25/kr. 75 (medlem/ikkje medlem). Gratis for dei som har betalt treningsavgift.
VIPPS #622601 (Ritt og trening)
Kjøp lisens her (ekstern lenkje). Lisens er kun naudsynt for dei som er 13 år eller eldre. Alder reknast utifrå fødselsår, og tek ikkje omnsyn til når på året du er født.
KBT Trialarena ligg på grusbanen i Norheimsund, rett over vegen frå barnehagen. Ein kan trena her når som helst utanfor oppsatte treningstider.
Følgje med på kva som skjer på KBT sine Facebooksider: facebook.com/kvambiketrial
Dokument (PDF):
Referat klubbmøte 05102015
Infoskriv-haust-2015
Kontaktperson: Eirik Ulltang (tlf: 970 22 728)