Bergen Voss 2012

Mange personlege rekordar vart sette av dei 55 syklistane frå Hardanger Sykkelklubb som fullførte Bergen Voss på Laurdag.

Raskast av Hardangersyklistane var Thomas Solheim
Rett før Kvamskogen gjekk Thomas Solheim og Yngve Kiserud frå Hardanger i brudd saman med Mikael Johannesen frå Førde, og kontinental lagsryttarane Fillip Eidsheim Frå Bck/ Team Østerhus Ridley og Stian Remme Bck/ Team Joker Merida. Desse helt følgje inn til Skjervet, der proffane støta og våre vart sittande aleine. Thomas heldt unna for forfølgargruppa bak og kom inn til 4 plass. Yngve vart innkjørt rett før mål og trilla inn til 7. plass. Ellers hadde Hardanger sykkelklubb 5 mann inne blant dei 30 beste.

Av damene var det Frid Fosso som var raskast av Hardangersyklistane ho kom inn som nr.18 av alle, noko som heldt til 9. plass i klasse 40-49 år.