Ekstremsportveko 2012: Vi arrangerer norgescup i trail!

Dei to første NorgesCupane i biketrial nærmar seg. 28. og 29. juni vert det konkurransar med historisk sus over seg på Ekstremsportveko på Voss.

Her kjem felles invitasjon for begge konkurransar. Les godt gjennom, og meld deg på. Det er kjekt om flest mogleg deltar, slik at me får vist biketrial frå si beste side.

Me håper flest mogleg tar turen til Ekstremsportveko, og at alle over 18 år velger å vere der heile veka. Underteikna kan skrive under på at dette er eit av høgdepunkta i året, med god stemning og flotte opplevingar. Melder du deg på biketrial på Ekstremsportveko vert det i tillegg til to konkurransar, speedtrials, streetrides og sosiale aktivitetar gjennom veka.

Les mer her.