Oppstart trialsykling 2023

Me har stilt klokka til sommartid, og det betyr at utesesongen for trialsyklistane er i gang. Dei to første treningane blir tysdag 28. mars og torsdag 30. mars. Begge dagar kl. 18:00. Så er det påskeferie, før me held fram kvar tysdag/torsdag til sommarferien startar.

Både nye og gamle trialsyklistar er velkomne. Ta med hjelm om du vil låna sykkel. Dei to første treningane er gratis.