Innkalling til årsmøte

Styret kaller inn til årsmøte i Hardanger Sykkelklubb onsdag 20. november kl. 20:00 (NB: Ny tid!). Møtet vil vera i Movegen 30. Forslag til saker må sendast til styret seinast 15. november.

Dagsorden:

Opning av årsmøtet v/leiar
Registrering av frammøtte
Godkjenning av innkalling og dagsorden
Valg av ordstyrar og skrivar
Årsmelding
Rekneskap
Eventuelt
Val av styre og komiteer

Vel møtt!

Det 10. NM vert arrangert på KBT

Det første NM for trial i historia vart arrangert av HSK i Øystese i 2014. No har det gått over 10 år sidan den dagen, og me skal arrangera det 10. NM i historia på KBT Trialarena i Norheimsund. Datoen er 25.-26.

Samtlege NM i eliteklassa har gått til HSK ved hjelp av Eirik Ulltang sine ni sigrar. Kan me klara 10/10.

Sjå nm.biketrial.no for program og påmelding.

Utetreningar for trial

Våren er her, og me har starta utetreningar på KBT Trialarena i Norheimsund.

Treningstidene er mandag og torsdag kl. 18:10-19:15. Me følgjer skuleruta.

Det er gratis å prøva to gonger, inkl. lånesykkel. Deretter må ein vera medlem (frå kr. 150/år) og betala treningsavgift (kr. 900/sesong). Leige av sykkel kostar kr. 50 pr. gong. Fritidskortet kan brukast.

Ansvarleg trenar er Eirik Ulltang. Tlf. 97022728.

Innetreningar trial i vinter

Me har fått eigen innehall (i Steinsdalen), og har treningar to gongar i veka. Treningane er delt inn i to gruppar, fordi innehallen ikkje er stor nok til at alle kan vere der samstundes. Ein vel gruppe valfritt, så lenge det er ledig kapasitet.

Mandagar kl. 17:50-18:40 og 18:50 til 19:40

Torsdagar kl. 17:50-18:40 og 18:50 til 19:40

Ønsker du å vera med på innetreningane, ta kontakt med Eirik på tlf. 97022728. Ingen oppmøte utan avtale.

Utetreningar hausten 2023

Me startar opp att med trialtrening etter sommarferien. Første trening blir torsdag 17. august kl. 18:00. Utetreningane held fram til me stillar klokka.

Oppstart trialsykling 2023

Me har stilt klokka til sommartid, og det betyr at utesesongen for trialsyklistane er i gang. Dei to første treningane blir tysdag 28. mars og torsdag 30. mars. Begge dagar kl. 18:00. Så er det påskeferie, før me held fram kvar tysdag/torsdag til sommarferien startar.

Både nye og gamle trialsyklistar er velkomne. Ta med hjelm om du vil låna sykkel. Dei to første treningane er gratis.