Historisk biketrialtevling

Torsdag 30.06.2011 vil stå som ein historisk dag i norsk biketrialhistorie. Det er nemleg første offisielle tevling i biketrial i Noreg nokon sinne. Hardanger SK står som rittarrangør, og er med på dette spennande kapittelet i norsk sykkelhistorie.

Tevlinga vil finne stad i steintaket Bjørko på Voss, og konkurransen startar omlag 12:00 (registrering frå 10:00). Det er ei tevling under Ekstremsportveko, der biketrial er ei eiga grein i år. Alle dei beste norske syklistane vil delta, i tillegg til at det vert fleire andre klassar med både nybegynnarar, vidarekomne og ekspertar.