Treningane på KBT Trialarena har starta opp att etter sommarferien.
Treningstidene er kvar tysdag og torsdag kl. 18:00 til 19:00. Me følgjer skuleruta.
Meir informasjon på Trialsidene våre.

Saman er me gode!
Treningane på KBT Trialarena har starta opp att etter sommarferien.
Treningstidene er kvar tysdag og torsdag kl. 18:00 til 19:00. Me følgjer skuleruta.
Meir informasjon på Trialsidene våre.
Det var NM TRIAL 2018 i Tomter i Østfold i helga. Dette er første gong at NM ikkje har vore arrangert av Hardanger Sykkelklubb, men likevel gjorde HSK nærmast reint bort. Eirik Ulltang vann NC 1 på laurdagen, og gjorde det same på sundagen, då det vart arrangert NM (og NC 2). Dette er Ulltang sin femte strake NM-tittel (det har kun vore fem NM i trial). Knut Fosse fekk ein litt trå start med fjerdeplass på NC 1, men kom sterkt tilbake på sundagen, og tok tredjeplassen i eliteklassen i NM. Det deltok ingen andre utøvarar frå HSK i meisterskapen.
Ulltang leiar dermed noregscupen samanlagt, og truleg vinn han denne i år òg, fordi det ikkje vil verta arrangert fleire ritt i 2018. Hardanger SK og KBT kjem truleg tilbake på arrangørsida i 2019.
PS: Hugs det er faste treningar på grusbanen i Norheimsund kvar torsdag kl. 17. Nye utlånssyklar er i posten, og kjem i bruk seinast 6. september.
Faste treningar startar opp i veke 33, med oppmøte kl. 17:00 kvar torsdag. Håpar flest mogleg gamle og nye trialsyklistar møter opp.
Trenarar vil vera Knut Fosse og Bernt Kristiansen. Ellers er det lurt å følgje med på trialgruppa sine Facebooksider for meir info: facebook.com/kvambiketrial
NM Trial 2017 og NC 3 nærmar seg. Her kjem viktig info.
Invitasjonen til NM Trial og NC 3: Invitasjon-NM-2017
Påmelding skjer elektronisk via nm.biketrial.no.
Siste nytt: Sparebanken Vest satsar på Vestlandet, og dei beviser dette med at dei går inn som hovudsponsor av arrangementet.
Trialtreningane på KBT Trialarena har starta opp. Fast tidspunkt er onsdagar kl. 17:00. Alle nye og gamle medlemmer er velkomne!
Me har tre utlånssyklar for dei som vil prøve biketrial. Gje beskjed til Knut Fosse på ein sms før trening om du vil prøva (tlf: 95467690).
Sjå elles Facebooksidene til trialgruppa for oppdateringar om treningar og liknande: facebook.com/kvambiketrial/
NM Trial vert for fjerde gong arrangert av Hardanger SK i 2017. Datoen for arrangementet er 24. juni, og vil vera på KBT Trialarena i Norheimsund, ved grusbanen til NFK. NM vil samstundes ha status som NC-ritt, og me forventar at deltakarar frå heile landet kjem.
Invitasjon og meir informasjon kjem seinare.
I tillegg til NM, vil det verta arrangert ein sommarleir for trialsyklistar, kalla Fjordtrial, i Norheimsund frå 10.-13. august. Her kan alle som er interessert i trialsykling, uansett alder, ambisjonar, nivå eller erfaring delta. Sjå meir på fjordtrial.no.
Forbundsstyret har tildelt NM Trial 2014 til Hardanger Sykkelklubb.
På sykkeltinget i februar vart det vedtatt at Trial får offisielt Noregsmeisterskap. Hardanger Sykkelklubb vil derfor arrangere det første NM i Trial i historia. Meisterskapet vert arrangert 25. mai i Øystese, ved Kvam Ungdomsskule. 24. mai vil det i tillegg verta arrangert Noregscup.
Kontaktperson for ritta er Eirik Ulltang.
1.-3. juni ble det første UCI Trials World Cup 2012 arrangert i Aalter, Belgia. En nordmann var med – Eirik Ulltang fra Hardanger SK. http://sykling.no/trial/ritt/Documents/Rittrapport%201%20Eirik%20Ulltang%202012.pdf
Torsdag 30.06.2011 vil stå som ein historisk dag i norsk biketrialhistorie. Det er nemleg første offisielle tevling i biketrial i Noreg nokon sinne. Hardanger SK står som rittarrangør, og er med på dette spennande kapittelet i norsk sykkelhistorie.
Tevlinga vil finne stad i steintaket Bjørko på Voss, og konkurransen startar omlag 12:00 (registrering frå 10:00). Det er ei tevling under Ekstremsportveko, der biketrial er ei eiga grein i år. Alle dei beste norske syklistane vil delta, i tillegg til at det vert fleire andre klassar med både nybegynnarar, vidarekomne og ekspertar.
Onsdag 20. april kl. 15:00 startar det med treningar for biketrial i Hardanger Sykkelklubb. Dette er midt i påskeferien, og me håpar at noverande og framtidige syklistar møter opp.
Har du ikkje sykkel tilpassa biketrial, oppfordrar me til å ta med ein vanleg terrengsykkel. Det vert i tillegg høve til å prøve ekte trialsyklar av andre medlemmer.
Det vert instruksjon til alle nivå av rutinerte utøvarar, bl.a. Knut Fosse og Eirik Ulltang.
Praktisk info:
Trialområdet til Hardanger Sykkelklubb ligg i nordenden av handballbanen ved Kvam Ungdomsskule. Me tar forbehold om for mykje snø i området, det vil då kome eit alternativ.
Har du spørsmål, ta kontakt. Vil du vite meir om biketrial, sjå biketrial.no.