Hardanger SK med siger i NM TRIAL 2018

Det var NM TRIAL 2018 i Tomter i Østfold i helga. Dette er første gong at NM ikkje har vore arrangert av Hardanger Sykkelklubb, men likevel gjorde HSK nærmast reint bort. Eirik Ulltang vann NC 1 på laurdagen, og gjorde det same på sundagen, då det vart arrangert NM (og NC 2). Dette er Ulltang sin femte strake NM-tittel (det har kun vore fem NM i trial). Knut Fosse fekk ein litt trå start med fjerdeplass på NC 1, men kom sterkt tilbake på sundagen, og tok tredjeplassen i eliteklassen i NM.  Det deltok ingen andre utøvarar frå HSK i meisterskapen.

Ulltang leiar dermed noregscupen samanlagt, og truleg vinn han denne i år òg, fordi det ikkje vil verta arrangert fleire ritt i 2018. Hardanger SK og KBT kjem truleg tilbake på arrangørsida i 2019.

PS: Hugs det er faste treningar på grusbanen i Norheimsund kvar torsdag kl. 17. Nye utlånssyklar er i posten, og kjem i bruk seinast 6. september.