Oppstart trialtreningar

Trialtreningane på KBT Trialarena har starta opp. Fast tidspunkt er onsdagar kl. 17:00. Alle nye og gamle medlemmer er velkomne!

Me har tre utlånssyklar for dei som vil prøve biketrial. Gje beskjed til Knut Fosse på ein sms før trening om du vil prøva (tlf: 95467690).

Sjå elles Facebooksidene til trialgruppa for oppdateringar om treningar og liknande: facebook.com/kvambiketrial/

NM Trial 2017

NM Trial vert for fjerde gong arrangert av Hardanger SK i 2017. Datoen for arrangementet er 24. juni, og vil vera på KBT Trialarena i Norheimsund, ved grusbanen til NFK. NM vil samstundes ha status som NC-ritt, og me forventar at deltakarar frå heile landet kjem.

Invitasjon og meir informasjon kjem seinare.

I tillegg til NM, vil det verta arrangert ein sommarleir for trialsyklistar, kalla Fjordtrial, i Norheimsund frå 10.-13. august. Her kan alle som er interessert i trialsykling, uansett alder, ambisjonar, nivå eller erfaring delta. Sjå meir på fjordtrial.no.

NM Trial tildelt Hardanger SK

Eirik Ulltang
Forbundsstyret har tildelt NM Trial 2014 til Hardanger Sykkelklubb.

På sykkeltinget i februar vart det vedtatt at Trial får offisielt Noregsmeisterskap. Hardanger Sykkelklubb vil derfor arrangere det første NM i Trial i historia. Meisterskapet vert arrangert 25. mai i Øystese, ved Kvam Ungdomsskule. 24. mai vil det i tillegg verta arrangert Noregscup.

Kontaktperson for ritta er Eirik Ulltang.

Offisiell artikkel på sykling.no.

Historisk biketrialtevling

Torsdag 30.06.2011 vil stå som ein historisk dag i norsk biketrialhistorie. Det er nemleg første offisielle tevling i biketrial i Noreg nokon sinne. Hardanger SK står som rittarrangør, og er med på dette spennande kapittelet i norsk sykkelhistorie.

Tevlinga vil finne stad i steintaket Bjørko på Voss, og konkurransen startar omlag 12:00 (registrering frå 10:00). Det er ei tevling under Ekstremsportveko, der biketrial er ei eiga grein i år. Alle dei beste norske syklistane vil delta, i tillegg til at det vert fleire andre klassar med både nybegynnarar, vidarekomne og ekspertar.

Sesongstart for biketrialtreningar

Onsdag 20. april kl. 15:00 startar det med treningar for biketrial i Hardanger Sykkelklubb. Dette er midt i påskeferien, og me håpar at noverande og framtidige syklistar møter opp.

Har du ikkje sykkel tilpassa biketrial, oppfordrar me til å ta med ein vanleg terrengsykkel. Det vert i tillegg høve til å prøve ekte trialsyklar av andre medlemmer.

Det vert instruksjon til alle nivå av rutinerte utøvarar, bl.a. Knut Fosse og Eirik Ulltang.

Praktisk info:
Trialområdet til Hardanger Sykkelklubb ligg i nordenden av handballbanen ved Kvam Ungdomsskule. Me tar forbehold om for mykje snø i området, det vil då kome eit alternativ.

Har du spørsmål, ta kontakt. Vil du vite meir om biketrial, sjå biketrial.no.

Facebook Event